Institutt for sykepleie i Bergen har sidan 2020, gjennom zoom møter og reiser til Sierra Leone og besøk frå Sierra Leone, utvikla ein god relasjon med lærarar og bibliotekar ved Faculty of Nursing, College of Medicine and Allied Health Studies (COMAHS), University of Sierra Leone.
Pionerprosjekt
Målet for andre perioden med Global Mobilitet (2023–2026) er å skrive ei lærebok for sjukepleiarutdanningane i Sierra Leone. Undervisningsspråket i Sierra Leone, der dei har 18 ulike språk, er engelsk. I sjukepleiarutdanninga bruker dei engelske og amerikanske bøker som ikkje er tilpassa verken helsesystemet, sjukdomsbilde eller religiøs og kulturell kontekst. Arbeidet med denne boka er derfor eit pionerprosjekt både for Sierra Leone, men også for store delar av Afrika.
Klar for trykking
På reisa vi hadde til Sierra Leone 2–12 november, hadde vi med oss ein kopi av nesten ferdig manus til Fundamentals of Nursing in a Sierra Leone context så alle kunne sjå at tekstane vi har jobba med i nesten to år har blitt til 22 kapittel i denne boka. No gjenstår berre det aller siste redigeringsarbeidet før manuset kan sendast til Ghana Publishing Company i Accra for trykking der.
Viktige støttespelarar
Redaktørar for boka er Rebecca Amara, Dr. Josepth Eden-Hotah og Dr. Tove Giske. Dei fleste kapitla er skreve av sjukepleielærarar frå tre ulike sjukepleiarutdanninger i Sierra Leone.
Frå denne turen vil vi trekke fram møte med tre viktige støttespelarar for å få til denne boka og at den skal bli brukt rundt om i heile landet ved dei 16 sjukepleiarautdanningane i Sierra Leone. Bilda under viser noko av begeistringa for boka.
Store kontrastar
Sierra Leone er eit land med store kontrastar. Dei har mange utfordringar som stor fattigdom, høg analfabetisme og forurensning. Sjukepleiarar er dårlig betalt i forhold til utdanning og ansvar. Men her er også mykje positivt. Landet er grønt og vakkert, har nydelege strender og mange naturressursar. Menneska vi samarbeider med er glade for muligheita til å lære og utvikle seg og ser fram til fortsatt samarbeid.
Vi har begynt samtalar om bok nummer to og tre, og planlegg at vi kan starte arbeidet med desse til våren.
På slutten av opphaldet fekk vi oppleve eit par dager ved kysten, borte frå larm og forurensing i Freetown. Å arbeide i brisen frå havet var inspirerande og det vart mange svømmeturar for dagen i havet som var 31 grader.
Les meir om Global Mobilitet til Sierra Leone her:
Se bilder nedenfor. Klikk på pilen til høyre i hvert bilde for å se det neste.