To fluer i ein smekk – dette prosjektet er med på å vidareutvikle SEP-prosjektet, og det styrker VID sitt samarbeid med Azusa Pacific University i California. Tildelinga av UTFORSK-prosjektet i-SEP anerkjenner behovet for å styrke undervisning i åndeleg omsorg.
To fluer i ein smekk – dette prosjektet er med på å vidareutvikle SEP-prosjektet, og det styrker VID sitt samarbeid med Azusa Pacific University i California. Tildelinga av UTFORSK-prosjektet i-SEP anerkjenner behovet for å styrke undervisning i åndeleg omsorg.
Tildelinga kom gjennom UTFORSK. VID sitt UTFORSK-prosjekt i-SEP bygger på VID sitt framragande forskningsprosjekt Spiritual Care Education and Practice Development (SEP).
Vi er glade for at denne tildelinga også vil styrke det langt samarbeid VID har hatt med Azusa Pacific University, APU der vi har hatt gjensidig utvekling av bachelorstudentar sidan 2016. Det har også vore eit tett forskingssamarbeid mellom professor Pamela Cone og professor Tove Giske sidan 2008.
Prosjektmål
i-SEP har tre hovedmål:
- Å utvikle to COIL, Collaborative Online International Learning for studentar ved VID og APU
- Ein 5 ECTS COIL for bachelorstudentar for å styrke studentane sin tillit og kompetanse til å vurdere og følgje opp åndelege forhold I praksis
- Ein 5 ECTS COIL for masterstudentar der målet er å utvikle lederskap innan sjukepleie for å utvikle praksis slik at det vert meir openheit kring åndeleg omsorg i praksis
- Å styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom VID og APU gjennom utveksling av lærarar og studentar og gjennom fortsatt forskingssamarbeid
- Å legge til rette for utveksling og gjestebesøk av ph.d-studentar der fokuset særleg er på undervisning og utveksling av erfaring knytt til åndeleg omsorg
- Eg ser fram til å videreutvikle forskingssamarbeidet mellom VID og APU, og ikkje mist til arbeidet med utvikling av dei to COIL, seier Tove Giske.
- Dette er direkte oppfølging av forskinga vi held på å publisere frå SEP-prosjektet.
Utveksling, og på Ph.D nivå
I utarbeidinga av søknaden har vi etablert eit godt samarbeid med seksjon for internasjonaliseirng hjå VID og internasjonalt kontor hjå APU, noko som er viktig for alt det praktiske arbeidet rundt utveksling av studentar på bachelor, master og ph.d. nivå.
Denne tildelinga betyr også at det er eit gitt antal stipend til studentar som kan dra på utveksling mellom VID og APU. At vi også har fått inn utveksling på ph.d. nivå er flott no når vi har sendt inn søknad om ny ph.d. i fakultet for helsefag.
Published by Tove Giske, Maria Tendenes. Date: 1. November 2022.