I 2006 vart forskrift for skikkethet gjeldande for sjukepleieutdanningane i Noreg. Denne forskrifta er unik og kan ikkje utan vidare samanliknast med lovar og reglar for same utdanningsnivå i utlandet. Årleg uteksaminerer me ca 4100 sjukepleiarar i Noreg, og i dei 4 siste åra har det samla nasjonale talet på tvilsmeldingar knytt til skikkethet ligge mellom 50 og 80 (NSD, 2020).
Rundt reknar halvparten av sjukepleiarutdanninga er praktisk erfaring frå ulike praksisfelt i helsetenesta. Skikkethetsvurdering er løypande gjennom heile utdanninga, og ein stor del av ansvaret og observasjonane vil ligge hjå praksisrettleiarane som føl studentane tett i desse praksisperiodane.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) avdekker i sitt prosjekt, Operasjon praksis 2018-2020, at det ligg utfordringar knytt til skikkethetsvurdering i praksisfeltet. I sin rapport trekk dei fram at praksisrettleiarane opplev det vanskeleg å skikkethetsvurdere studentar (2019).
Hensikten med denne studien er å få meir kunnskap om utfordringane, vurderingane og behova knytt til skikkethetsvurdering av sjukepleiestudentane når dei er i praksis. Studiet vil kunne bidra til å styrke utdanningskvaliteten.
Studiet vil ha eit kvalitativt design med både litteraturstudie og intervju som metode.
Bakgrunn:
Master i klinisk helse- og omsorgsvitenskap
Forskergruppe:
Læring i profesjonsutdanning og praksisfelt (LÆRINGSFORSK)