Nasjonal fagdag i praktisk teologi
Nasjonal fagdag i praktisk teologi
Velkomen til ein spanande fagdag i praktisk teologi, med temaet "Kyrkje og samfunn i endring. Korleis påverkar det forsking og undervisning i praktisk teologi?"
Velkomen til ein spanande fagdag i praktisk teologi, med temaet "Kyrkje og samfunn i endring. Korleis påverkar det forsking og undervisning i praktisk teologi?"
- VID Stavanger, Misjonsmarka 12, 4024 Stavanger, Auditorium - 261K
- 12. mai 2023, 10.00–17.00 (Legg til i kalender)

Det skjer store og raske endringar i dagens samfunn. Krig i Europa har gjort kvardagen meir utrygg, ikkje berre i Ukraina, men i heile verda. Tal på flyktningar aukar og migrantar kjem til Europa i store tal. Klimakrisa angår oss alle og har dei største konsekvensane for menneske i fattige land. Koronapandemien er over i vårt samfunn, men mange slit med etterverknader. Når kjem neste pandemi?
Globaliseringsprosessar har gjort at verda blir mindre, men samstundes er det stadig fleire som blir ståande utanfor. Fattigdom, manglande rettar og utnytting av svake grupper er eit globalt problem. Korleis stiller kyrkjene seg til alle desse endringane i samfunnet? Korleis er kyrkja endra? Kyrkja står i spagat mellom «business as usual» og å ta innover seg kva desse endringane skal bety.
Fagdagens tematikk
Fagdagen dette året startar med å ta opp kva praktisk-teologiske utfordringar alle endringane rundt oss skaper, lokalt og globalt. Kva betyr dei for undervisninga og forskinga vår? Me får to perspektiv på utfordingane: eit folkekyrkjeleg og eit frikyrkjeleg. Finst det skilnader? Kva er fellesnemnarane? Det blir lagt opp til samtale, spørsmål og drøfting av dette temaet, og me ønskjer å involvera så mange som mogleg.
Etter lunsj og parallelle papersesjonar blir nokre av utfordringane tematisert: Kva haldningar finst i Den norske kyrkja til kristne migrantar og kva erfaringar har migrantar i møte med ho?«Teaching and Learning in Crisis» set søkelyset på korleis undervisning, som tar inn over seg både lokale og globale perspektiv i møte med kriser, kan sjå ut i ei ny tid. Kanskje ungdomsarbeid kan vera ein stad der me ser klarare enn andre stader korleis framtida si kyrkje kan sjå ut? Me får presentert ei heilt ny akademisk handbok i forsking på ungdomsarbeid.
Call for papers
Dei som ønskjer å presentera eit prosjekt/paper innan det praktisk-teologiske feltet, markerer dette i nettskjemaet for påmelding og legg ved eit kort samandrag (inntil 200 ord). Relatér gjerne paperet ditt til hovudtemaet for fagdagen.
Frist for påmelding og abstract på nettskjema, så fort som mogleg og seinast 21.april.
Program
Tid | Innhold |
---|---|
09:30 - 10:00 | Oppmøte VID Stavanger, Auditorium-261K (andre etasje) |
10:00 - 10:15 | Velkommen og kort presentasjon. Dekan FTDL. |
10:15 - 12:00 | Praktisk-teologiske utfordringar i møte med kyrkje og samfunn i endring: eit folkekyrkjeleg og eit frikyrkjeleg perspektiv Tone Stangeland Kaufmann og Karl Inge Tangen Samtale med pause midt i. |
12:00 - 13:00 | Lunsj i kantina på VID |
13:00 - 14:15 | Paper-presentasjonar i parallelle sesjonar Kvart paper: 20 min presentasjon og 10 min samtale Relatér gjerne til hovudtemaet for dagen: Kyrkje og samfunn i endring. |
14:30 - 15:05 | «Migranter i møte med Dnk» Stian Eriksen og Anne Brit Hatleskog Presentasjon og samtale. Les meir om forskningsprosjektet her. |
15:20 - 16:00 | Teaching and Learning in Crisis (TLC) Chantelle Weber i samtale med Bård Norheim (Zoom) Samtale. Les meir om prosjektet her. Paper-presentasjonar ved Terese Bue Kessel: «The social crises of infertility in sub-Saharan Africa: Challenges to theological education.” Gunnar Innerdal: «Klimakrise, synd og teologisk utdanning» |
16:15 - 16.45 | Utblikk: Ungdomsarbeid som eit laboratorium for framtida si kyrkje Presentasjon av The Five Questions: An Academic Handbook in Youth Ministry Research av Jos de Kock og Bård Norheim. Bård E. H. Norheim |
16.45 - 17:00 | Avslutning |
17:30/18:00 | Frivillig middag i byen (til sjølvkost). Endringar i programmet kan førekome. |
Paper-presentasjonar rett etter lunsj (1300-1415)
12. mai
Tid | Innhold |
---|---|
13:00 - 13:25 | Roald Zeiffert (HLT): «Religiøs sosialisering i lav-/frikirkeligheten» Rom: Auditorium 261 K |
Rasmus Jonstrup (MF): «Fra vugge til grav» Rom: 207 | |
William Grosås (NLA): «Ex-audito – forkynnelsens impliserte lytter» Rom: 112 | |
13:25 - 13:50 | Bjarte Hetlebakke (VID): «Prestekall» Rom: Auditorium 261 K |
Fredrik Saxegaard (MF): «Begravelser i den norske kirke» Rom: 207 | |
Rolf Kjøde (NLA): «Apostolic leadership – Eph 4:11» Rom: 112 | |
13:50 - 14:15 | Halvard Johannessen (TF): «Hermeneutisk pastoralteologi.» Rom: Auditorium 261 K |
Andreas Bjørntvedt (VID): «Early influence, established faith?» Rom: 207 | |
Dorte Kappelgaard (MF): «Kirkerefleksjons-modellen» Rom: 112 |