Ph.d.-prosjekter
Eit ganske uventa kall? Ein kvalitativ og systematisk teologisk studie av kall som kjelde til identitet blant prestar i Den norske kyrkja (Dnk).
Eit ganske uventa kall? Ein kvalitativ og systematisk teologisk studie av kall som kjelde til identitet blant prestar i Den norske kyrkja (Dnk).
Prosjektperiode
september 2021–september 2024
Veiledere
Knut Alfsvåg VID
Bård Eirik Hallesby Norheim NLA
Om prosjektet
Korleis er kall ei kjelde til identitet blant prestar i Den norske kyrkja (Dnk)?
Prosjektet tar utgangspunkt i Luthersk embetsteologi, særleg på den nordiske embetsdebatten i spennet mellom høg og lågkyrkjeleg, og det allmenne prestedømet vs det ordinerte presteembete. Dette dannar utgangspunktet for eit kvalitativt studie ved individuelle intervju om kall, ordinasjon, identitet og sjølvforståing blant to grupper av prestar i Dnk: 1. Nyutdanna prestar og 2. Second-career prestar. Begge gruppene med 5-7 års erfaring som kyrkjelydsprestar. Forskingsprosjektet vil gi viktige svar til den pågåande rekrutteringskrisa i Dnk, og kunne gi innspel i debatten om kven som skal leie kyrkja i framtida.
Bakgrunn
Master i teologi, Misjonshøgskolen, 2014
Forskningsgruppe
Church and Practice