Om prosjektet
For å optimalisera tilsynspraksisen sin med kyrkjelydane, har Agder og Telemark bispedømme starta opp eit omfattande utviklingsprosjekt som skal gå over soknerådsperioden 2019-2023. Gjennom følgjeforsking vil eg gjennomføra ein studie av korleis biskopen i Agder og Telemark medverkar til utvikling av teologisk praksis i lokalkyrkjelydane i same periode. Med bakgrunn i biskopen si eiga målsetting med utvikling av tilsynspraksisen sin, har eg formulert følgjande problemstilling for prosjektet mitt: Korleis kan biskopen, gjennom tilsynspraksisen sin, stimulera kunnskapsbasert praksis i kyrkjelydane i Agder og Telemark? Gjennom spørjeundersøkingar til vigsla medarbeidarar i bispedømmet, intervju med biskopen og staben hans, dokumentanalyse og fokusgruppeintervju med prostane og 8 kyrkjelydsstabar ønskjer eg å finne svar på korleis kyrkjelydane tileignar seg kunnskap, korleis dei brukar denne og korleis biskopen medverkar til kunnskapsbasert praksis på lokalplanet i kyrkja.
Bakgrunn
Master i verdibasert ledelse, VID, vår 2019
Cand. theol., Det teologiske Menighetsfakultet, haust 1992
Forskningsgruppe
LIVAP