Rapport om åndeleg omsorg
Rapport om åndeleg omsorg
SEP er eit av VIDs framragande forskingsmiljø. No har dei lagt fram ein rapport frå forskinga deira på åndelig omsorg.
SEP er eit av VIDs framragande forskingsmiljø. No har dei lagt fram ein rapport frå forskinga deira på åndelig omsorg.

SEP (Spiritual Care Education and Practice Development) er eit av fem framragande forskingsmiljø ved VID og har som mål å bli eit internasjonalt anerkjent senter for undervisning innan åndeleg omsorg.
- Åndeleg omsorg kan kort oppsummerast som å bry seg om heile personen, å vere til stede for den andre og gjennom å lytte etter det som har betydning i pasienten sitt liv enten det er eksistensielle spørsmål, verdiar og/eller trusforhold. Forsking viser at åndeleg omsorg lindrar pasientar si liding og aukar opplevinga av meining og velvære. Åndeleg omsorg kan vere ein viktig ressurs når livet er vanskeleg og det kan vere med å gi ei kjensle av indre fred og styrke, seier Tove Giske, leiar for SEP.
Å snakke om tru og eksistensielle forhold
Til tross for kunnskapen som tydeleg viser at åndeleg omsorg er ein del av sjukepleiarar og helsepersonell sitt ansvar, peiker studiar på at mange er dårleg førebudde gjennom utdanninga til å gå inn i dette feltet og sjukepleiarar i Noreg seier det er vanskeleg å snakke om tru og eksistensielle forhold. Oppsummert forsking viser at det er behov for kontinuerleg fokus på fagutvikling i praksis for at helsepersonell skal ha personsentrert fokus og sikra tenester som bidrar til meining, håp og livsvilje for den einskilde pasient. Og at helsepersonell kan vere gode rollemodellar for studentar i praksis.
Rapport
SEP-rapporten for 2021 viser kva forskningsmiljøet har gjennomført saman med sitt internasjonale nettverk i dei 5 arbeidspakkane prosjektet har. Du kan laste ned rapporten her. Om innhaldet i rapporten, seier Tove Giske:
- Om du les rapporten, kan du få djupare forståing av kva åndeleg omsorg er. Du finn også kort oppsummert resultata frå ein scoping review om utdanningsstrategiar innan åndeleg omsorg og resultata frå ein pilotstudie om åndeleg omsorgskompetanse innan psykisk helse. Du møter ph.d-kandidaten vår Marianne Morland og arbeidet Linda Rykkje leder om åndeleg omsorg på sjukeheim. Ei stor gruppe frå Norge, Nederland, UK, Ghana og California har utvikla og testa eit spørreskjema som måler kompetanse innan åndeleg omsorg. Dette spørreskjemaet er tilgjengeleg på norsk på SEP si webside: www.spiritualcare.no/selvvurdering.
SEP arbeider også med å omsette dette spørreskjemaet til fransk og for å bidra til utvikling av åndelege omsorgskompetanse ved ein sjukepleiarskule i nord-Haiti.
Dato: 20. mai 2022.