Forskningsdagene: Dorothea Günther – Frå tryggleik til uro under framveksten av nazismen

- VID Stavanger, Misjonsmarka 12
- 17. september 2025, 11:30 – 12:00
Dorothea Günther var opphavleg tysk, og vart ei sentral skikkelse i den tyske evangeliske kyrkjelyden i Oslo i første halvdel av 1900-talet. Samtidig hadde ho jødisk bakgrunn, og då nazistane kom til makta i 1933, vart posisjonen hennar truga.
Utstillinga fortel i tekst og bilete om livet og arbeidet hennar som den første prestefrua i den tyske evangeliske kyrkjelyden. Ikkje minst fortel ho historia om kva som hende då nazistane kom til makta, familiemedlemmar miste jobbane sine og Dorothea sjølv vart pressa ut av dei sosiale posisjonane ho hadde hatt.
Samtidig balanserte ektemannen mellom å verne familien og å drive aktiv propaganda for det tyske regimet.
Utstillinga er laga av Veline Backofen, Frieder Ludwig og Joar Haga. Ho vert vist ved VID Stavanger frå 17. til 22. september og i den tyskspråklege kyrkjelyden i Oslo frå 25. til 28. september.
- 17. september kl. 11.30: Opning i Stavanger
- 25. september kl. 18.00: Opning i Oslo
- 26 september kl 18.00: Føredrag ved Torleiv Austad «Den norske staten og folkekirken som motstandsbevegelse 1940–45: Teologiske perspektiver»
Utstillinga har vorte til som ein del av forskingsprosjektet «Connected Histories – Contested Values. World Lutheranism and Decolonisation: Processes of Transloyalties, 1919–1970»
Forskingsdagane er ein nasjonal forskingsfestival som blir arrangert kvart år i september. Festivalen varer i om lag to veker og har som mål å gjere forsking meir tilgjengeleg og engasjerande for folk flest. Temaet for 2025 er tryggleik.
