Gå til innholdet
VID vitenskapelige høgskole
  • Studier
  • Våre campus
  • Forskning
  • En
  • Søk
En
  • VID vitenskapelige høgskole
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Internasjonal studentkonferanse samla 130 deltakere fra 17 land
Nyheter

Internasjonal studentkonferanse samla 130 deltakere fra 17 land

Internasjonal studentkonferanse samla 130 deltakere fra 17 land

  • VID vitenskapelige høgskole
  • Nyheter
  • Internasjonal studentkonferanse samla 130 deltakere fra 17 land

Spiritual Care Education and Practice Development (SEP), eit leiande forskingsmiljø, samarbeidde med det internasjonale nettverket EPICC for å arrangere ein internasjonal studentkonferanse om åndeleg omsorg frå 10. til 21. april i Bergen.

Spiritual Care Education and Practice Development (SEP), eit leiande forskingsmiljø, samarbeidde med det internasjonale nettverket EPICC for å arrangere ein internasjonal studentkonferanse om åndeleg omsorg frå 10. til 21. april i Bergen.

Foto: Geir Johannessen.

Konferansens tema var "Åndeleg omsorg i utfordrande tider – å fremje evne og mot," som er relevant både på eit personleg og internasjonalt nivå.

Over 130 deltakarar frå 17 forskjellige land, inkludert Indonesia, Mongolia, Ghana, Kenya, Tyrkia, USA og 10 europeiske land, deltok på konferansen. Årsaka til det høge talet på internasjonale deltakarar var sannsynlegvis SEP-nettverkets arbeid med åndeleg omsorg og Tove Giskes internasjonale arbeid gjennom Nurses Christian Fellowship i over 30 år. Ein stor gruppe studentar frå Ghana, der dei fleste hadde si første internasjonale reise til Bergen og Noreg, deltok også på konferansen. Heldigvis var veret perfekt heile veka med sol frå morgon til kveld.

Under konferansen var det mange muligheter for internasjonal utveksling av erfaringer. Foto: Geir Johannessen.

Konferansen inkluderte eit variert program med faglege innlegg, seminar, self-care sessions, smågrupper for diskusjon og deling av ulike synspunkt i plenum. Ein nyleg laga undervisingsfilm om åndeleg omsorg innan psykisk helse vart også vist, og deltakarane frå ulike land reflekterte over filmen. Ein deltakar stilte mellom anna spørsmål om det ikkje var lov til å snakke om Gud i Noreg. Det var også stor interesse for å dele erfaringar og lære frå kvarandre då mange presenterte posterar. Du kan sjå filmen sjøl her.

Paul Otto Brunstad og Anthony Schwartz var to av foredragsholderne under konferansen. Foto: Geir Johannessen

Konferansen hadde ein open, vennleg og god atmosfære, og det var fint å møte menneske med interesse for åndeleg omsorg i utdanning og klinisk praksis. Dette var den åttande studentkonferansen, etter at dei første vart starta i Glasgow i 2004 av professor emerita og æresdoktor ved VID, Barbara Parfitt. Dette var også den første fysiske studentkonferansen som har blitt arrangert etter pandemien, så det var fantastisk å kunne møtast og snakke og dele erfaringar saman over fleire dagar.

Stor takk til Linda Rykke, Marianne Morland og Kristin Ferstad som saman med Tove Giske har delt ansvaret for planlegging og gjennomføring av denne konferansen. Saman har vi vore eit drømmeteam!

Deltakarar frå 17 ulike land på EPICC konferansen.
Deltakarar frå 17 ulike land på EPICC konferansen.

Publisert av Tove Giske. Dato: 2. mai 2023.

VID vitenskapelige høgskole

Kontakt

Kontakt oss

Spørsmål og svar

Ansatte

Presse og media

VID

Om VID

Misjons- og diakoniarkivet

Samfunnsbidrag

Studierelatert

Våre studier

Utveksling

Utvekslingsmuligheter

Opptak

Aktuelt

Nyheter

Arrangementer

Campusutvikling

Ledige stillinger

Nyhetsbrev

For deg

For studenter

For eksterne

Personvern og GDPR

Tilgjengelighetserklæring

Følg oss på sosiale medier

Facebook
X
Instagram
Youtube
Linkedin
TikTok
  • Studier
  • Våre campus
  • Forskning
  • Min side
  • Student
    • Canvas
    • TimeEdit
    • Inspera
  • Opptak
  • Alumni
  • Bibliotek
    • Bergen
    • Oslo
    • Stavanger
  • Internasjonalt
  • Om VID
    • Kontakt oss
    • Presse og media
    • Utleie av lokaler

Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å gjøre din opplevelse så god som mulig. Les mer om hvordan VID behandler personopplysninger, om dine personvernrettigheter ved VID og om hvorfor vi bruker informasjonskapsler.