Gratis filmseminar om omsorg og omsorgssvikt

- Vega Scene, Hausmanns gate 28, Oslo
- 27. mai 2026, 15:00 – 17:30
Påmeldingsfrist: 20. mai 2026
Arbeidspakke 5 i Pathways arrangerer i samarbeid med Fri Film eit seminar om omsorg og omsorgssvikt, med visning av dokumentarfilmen Flophouse America.
Seminaret vil bli arrangert på Vega Scene, kor det etter filmen vil bli ein panelsamtale med regissøren Monica Strømdahl, leiar ved barnevernsvakta i Oslo Younas Mohammad-Roe, medlem i styret Norsk Barnevernssamband Vilde Adolfsen og forfattarane av boka Omsorg og omsorgssvikt, Ellen Syrstad og Margrete Aadnanes.
Seminaret er gratis, og ettersom det er eit avgrensa tal plassar, gjeld «første mann til mølla»-prinsippet. Frist for påmelding er 20. mai. Velkommen til eit spennande seminar!
Program
15.00 Liten apertif
15.20 Velkommen og kort introduksjon
15.30 Filmvisning
16.50 Panelsamtale
17.30 Slutt
Om filmen
Flophouse America handlar om ein ung gut i USA som veks opp på eit motellrom med foreldre med store rusproblem. Filmen har allereie fått mykje merksemd i norsk media, og det har vore sak på God Morgon Norge, i Morgenbladet, ei eiga episode i podkasten Trygdekonteret m.m.
Om boka
Omsorg og omsorgssvikt tek føre seg korleis forståinga av desse omgrepa kan variere i ulike faglege, sosiale og kulturelle kontekstar, og frå person til person. Politiske og historiske straumar påverkar innhaldet i omgrepa. Dette har betydning for praksisen i barnevernet.
Syrstad og Aadnanes er opptekne av å belyse korleis normer og diskursar på samfunnsnivå verkar inn på vurderingane av barnet si omsorgssituasjon, og løfte fram betydninga av dei sosiale og økonomiske forholda som barn som opplever omsorgssvikt, lever under.