Kurs i referanseverktøyet Zotero

- Digitalt
- 15. oktober 2026, 13:00 – 15:00
Påmeldingsfrist: 14. oktober 2026
Anbefalast for både bachelor- og masterstudentar. For å bruke Zotero effektiv treng du grunnleggande kjennskap til APA7 og grunnleggande kompetanse på PC/Mac.
Zotero er eit verktøy som hjelper deg med å samle og organisere kjelder. Det hjelper deg òg med å setje inn henvisningar og litteraturliste i eit Word- eller Google-dokument.
Installasjon
Både Zotero og nettlesartillegget (Connector) må installerast på eigen maskin før kurset frå zotero.org. Vi kan ikkje hjelpe med installasjon eller innstillingar for utvidingar i ulike nettlesarar når kurset er i gang, så ta kontakt med biblioteket på forhånd dersom du treng hjelp.
Påmeldingsfrist: Siste kvardag før kursdato, kl. 12.
Zoomlenkje til kurset vil bli sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut.
Ved for få påmelde blir kurset avlyst.