Kurs i referanseverktøyet Zotero

- Digitalt
- 10. april 2026, 09:00 – 11:00
Påmeldingsfrist: 9. april 2026
Anbefalast for både bachelor- og masterstudentar.
Zotero er eit verktøy som hjelper deg med å samle og organisere kjelder. Det hjelper deg òg med å setje inn henvisningar og litteraturliste i eit Word- eller Google-dokument.
For å bruke Zotero effektiv treng du grunnleggande kjennskap til APA7 og grunnleggande kompetanse på PC/Mac.
Både Zotero og nettlesartillegget (Connector) må installerast på eigen maskin før kurset. Last ned Zotero her. Vi kan ikkje hjelpe med installasjon eller innstillingar for utvidingar i ulike nettlesarar når kurset er i gang, så ta kontakt med biblioteket på forhånd dersom du treng hjelp.
Påmeldingsfrist: Siste kvardag før kursdato, kl. 12.
Zoomlenkje til kurset vil bli sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut.
Ved for få påmelde blir kurset avlyst.
Biblioteket har òg kurs i referansehandtering på Canvas som kan vere nyttig å ha tatt når du skal bruke Zotero.