Sjølvråderett i overgang fra foreldreheim til bufellesskap for personer med utviklingshemming
Prosjektperiode
november 2018–oktober 2023
Veiledere
- Hovedveileder: Inger Marie Lid, VID Vitenskapelige Høgskole
- Medveileder: Anita Gjermestad, VID Vitenskapelige Høgskole
Om prosjektet
Det å bestemme sjølv og ha sjølvråderett i eige liv er et menneskerettsleg prinsipp, og grunnleggjande for å bli sett som ein medborgar. Sjølvråderett handlar om å kunne gjere val basert på eigne preferansar, verdiar og eigen vilje og kan ikkje avgrensast på grunn av funksjonsnedsetjing
Dette er eit offentleg Ph.d. prosjekt med støtte frå Forskningsrådet. Den aktuelle kommunen har lang erfaring med å gi tenester til menneske med utviklingshemming. Denne studien har som hensikt å utforske vilkåra for sjølvråderett i kommunale tenester i overgangen frå foreldreheimen til bufellesskap. Materialet er henta frå eit bufellesskap i ein mellomstor norsk kommune, innanfor dei første to og eit halvt åra det var i drift. Kommunens mål var at bebuarane skulle verta meir sjølvstendige med praktiske oppgåver, og etter kvart flytte til ein privat leilegheit og dermed ta i mot færre tenester.
Målet var å bruke eit inkluderande design kor bebuarane fekk moglegheit til å påverke forskingsaktivitetane. Dialogkonferansar vart vald som metode og vart rekna som nyttig for å fremje stemmene til bebuarane, med mål om å balansere makta mellom dei ulike deltakarane og samskape kunnskap om overgangsprosessen gjennom samtalar.
Det overordna forskinsspørsmålet er: Korleis varetar utforming av tenester i kommunen sjølvråderetten i eit bufellesskap for personar med utviklingshemming?
Studien bidreg med kunnskap på fleire område. Det eine er korleis overgangen frå familieheimen til det å ta i mot kommunale tenester kan opplevast frå perspektivet til dei som flytter inn i eit bufellesskap, og eit anna område er kunnskap om korleis dei tilsette forstår si rolle og vidare korleis ein kan forstå dei underliggjande logikkane og strukturane som legg føringar for praksis. Eit kunnskapsbidrag omhandlar i tillegg kva for identitetar og sosiale roller som kjem til syne og kva dette kan tyde for praksis.
Studien bidreg såleis med kunnskap som kan styrke grunnlaget for utforming av tenester til personar med utviklingshemming.
Bakgrunn
Mastergrad i sosialfag fra Universitetet i Stavanger