Gå til innholdet
Nye nettsider er nylig lansert, og vi fikser fortløpende feil og mangler. Takk for at du har tålmodighet mens vi får alt innhold på plass.

Adventsrefleksjon om lys, gåver og julenissar

Den heilage St. Nikolaus av Myra og et lite barn
Foto: Every Knee Shall Bow av Gaye Frances Willard
  • Av: Kristin Lødøen Hope
  • Publisert: 5. desember 2024.
Kvar 6. desember tar eg, med høgtid, ned frå loftet ein heilt spesiell nisse som får sin plass i stova. Med kvitt skjegg, raud lue, raud bispekåpe og med bispestav og lykt i handa, ser han ut som ein godmodig blanding av julenissen og ein biskop. Figuren minner meg om kor vi har henta tradisjonen med julenissen frå, nemleg frå den heilage St Nikolaus av Myra som var biskop i Lykia i Tyrkia på 300-talet.

St Nikolaus voks opp i ein rik familie. Han var veldig glad i barn og gav alltid frå seg gåver. Då far hans døde, arva han mykje pengar og i løynd gav han vekk alt til dei fattige. St Nikolaus blei eit førebilete for gåvmildheit, og fortellinga om han vandra av garde og blei til Santa Claus i engelsk-språklege land. Her hos oss blanda han seg med fjøsnissen og vart julenissen som kjem med gåver til snille barn i jula… Som nissen på illustrasjonsbildet, kanskje? Paradokset er at nissen på maleriet ikkje har med gåver til Jesus-barnet, derimot tar nissen av seg lua og bøyer kne for Jesus.

For Jesus spør ikkje etter snille barn – han gir seg sjølv utan atterhald til alle som vil ta imot han, uansett! Når julenissen gir gåver som gir kortvarig lykke og fryd, gir Jesus uendeleg kjærleik og evig glede. Nissen innfrir ønsker om ting og tang, mens Jesus oppfyller dei inste lengslar i hjartet.

Vi ser at Jesus-barnet er omgitt av lys. Nissen er fanga av lyset frå Jesu. «I ditt lys ser vi lys» skriv Salmisten. Kjærleiken sitt lys skapar fred med Gud, fred i hjartet og fred mellom menneske. Er det noko vi treng i desse tider, så er det det.

Ei legende fortel at ein gong var ein liten lysstråle som hadde høyrt om noko som heitte mørke. Så gjekk lysstrålen ut i verda og ville leite etter mørket. Han leita i mørke krokar, i djupe kott og kikka gjennom støvete glasruter. Men ingen stadar fann han mørket, for det vart lyst der lysstrålen kom.

Jesus kom for å lyse opp våre liv. Han seier sjølv; «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys». Barnet i krybba er den store julegåva til nissen, ja til alle nissar blant oss.

Måtte vi, som nissen, bøye kne for Guds store gåve og gi vidare lyset vi har fått, til glede for oss sjølv og kvarandre!

God adventstid!