Gå til innholdet

Markering av den internasjonale sosialarbeidardagen med eit mørkt bakteppe

Bilde av to foredragsholdere i et klasserom
Ariana Guilherme Fernandes (t.v.) og Marianne Rugkåsa var to av føredragshaldarane denne dagen.
  • Av: Turid Misje
  • Publisert: 25. mars 2026.
Over 100 menneske var påmelde til halvdagsseminaret "Vold, trusler og diskriminering - en del av stillingsbeskrivelsen?" Seminaret vart halde i samband med den internasjonale sosialarbeidardagen 17. mars.

Tradisjonen tru markerte Fakultet for sosialvitenskap ved VID i samarbeid med institutt for sosialfag ved OsloMet og FO Oslo den internasjonale sosialarbeidardagen med eit halvdagsseminar. Markeringa skjer årleg på den tredje tysdagen i mars, i år vart dette 17 mars. Tematikken for dagen, vald, truslar og diskriminering som del av arbeidsdagen for sosialarbeidarar, har eit mørkt bakteppe, nemleg drapet på Tamima Nibras Juhar natt til søndag 24 august 2025. Tamima vart drepen på jobb på ein institusjon i Oslo, og drapet var rasistisk motivert. For oss som arrangerte dagen vart det difor viktig å laga eit program som inkluderte ulike dimensjonar av kva tryggleik på jobb for sosialarbeidarar handlar om.

Stor interesse og engasjement

Seminaret, som vart halde i dei midlertidige lokala til VID i Tollbugata, hadde over 100 påmelde, noko som vitnar om stor interesse og engasjement for tematikken. Dette, og utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for å løfta fram og arbeida med vald, truslar og diskriminering som del av utdanningane streka også dekan ved fakultet for sosialvitenskap ved VID, Mona-Iren Hauge og instituttleiar Anne-Britt Djuve frå institutt for sosialfag ved OsloMet, under i sine velkomsthelsingar. Seminardeltakarane kom både frå praksisfeltet og frå utdanningsinstitusjonar, og inkluderte studentar og tilsette.

Tryggleik og sikkerheit på jobb

På seminaret fekk me høyra engasjerte innlegg om tryggleik og sikkerheit på jobb ved forbundsleiar i FO Marianne Solberg, antirasisme som eit arbeidsgjevaransvar ved Ariana Guilherme Fernandes (OsloMet), korleis skapa tryggleik og openheit om kjønns-og seksualitetsmangfald ved Mathias Holst (Rosa Kompetanse) og sjølvivaretaking som eit institusjonelt og organisatorisk ansvar ved Maja Clausen, Jahaira Reyes og Julian Ofsdal Berg (Barne- og familieetaten, Oslo kommune).

God leiarforankring

Frå praksisfeltet bidrog Jørn Petersen-Sveen, vernepleier (Dikemark Sykehus), Bjørn Alexander Eriksen, barnevernspedagog og avdelingsleiar (Soldammen gård, Frelsesarmeen) og Hanna Damslora (NAV Grunerløkka). Desse vektla i sine innlegg mellom anna viktigheita av god leiarforankring i arbeidet med tryggleik og sikkerheit og at trygge sosialarbeidarar leier til tryggleik hos og gode tenester for brukarar, pasientar og ungdommar.

Tidlegare kollega ved fakultet for sosialvitenskap, no tilsett i FO, Katrine Mauseth Woll, leia oss trygt gjennom seminaret, og Svein Fuglestad (OsloMet) kommenterte tematikken for dagen gjennom fleire estetiske innslag.

Kjersti Grosvold Maudal, Maja Bjørgum og Turid Misje representerer VID og Fakultet for sosialvitenskap i arrangementskomiteen for den årvisse markeringa av den internasjonale sosialarbeidardagen.