Gå til innholdet
Nye nettsider er nylig lansert, og vi fikser fortløpende feil og mangler. Takk for at du har tålmodighet mens vi får alt innhold på plass.

VID-forskarar med ny bok om åndeleg omsorg

Forfatterne holder opp hver sin bok
Professorane Pamela Cone og Tove Giske er aktuelle med boka "The Nurse's Handbook of Spiritual Care".
  • Av: Tove Giske
  • Publisert: 24. november 2022.
Femten års forskingssamarbeid mellom professorane Tove Giske og Pamela Cone har resultert i to bøker om åndeleg omsorg.

- Endeleg har vi fått skreve fram all den kunnskapen vi har innan åndeleg omsorg i sjukepleie - både på norsk og engelsk, fortel professor Tove Giske, fakultet for helsefag, VID Bergen.

Ho har i meir enn 15 år samarbeidd med professor Pamela Cone frå School of Nursing ved Azusa Pacific University i California i mange forskingsprosjekt innan åndeleg omsorg.

- Vi har brukt både kvalitative og kvantitative metodar, og vi har samla data frå studentar, lærarar, sjukepleiarar og pasientar. Vi har utvikla ein teori om korleis studentar og sjukepleiarar lærer å utøve åndeleg omsorg. Denne læringsteorien gir struktur til bøkene vi har skreve.

Pensum i sjukepleiarutdanningar

I 2019 kom den fyrste boka deira ut på Samlaget: Å ta vare på heile mennesket. Handbok i åndleg omsorg. Denne boka er no pensum i fleire sjukepleiarutdanningar i Norge. Den vert også brukt i praksis, og alle dei kommunale sjukeheimane i Bergen har boka som ein ressurs.

- Vi har arbeidd vidare med dette manuset og skreve inn meir sjukepleieteori og lagt til eit eige kapittel om sjølvomsorg. I haust ga Wiley Blacwell ut The Nurse's Handbook of Spiritual Care både i papir og elektronisk format, forklarar ho.

I oktober var det over 120 bibliotek i USA som hadde kjøpt tilgang til boka.

Positiv tilbakemelding

- Vi får stadig tilbakemelding på at boka er til hjelp for både studentar og sjukepleiarar til å reflektere over korleis åndelegheit kan kome til uttrykk. Og korleis sjukepleiarar og anna helsepersonell kan vere til hjelp og støtte for ulike pasientar, seier ho.

- I haust vart Pamela Cone professor emerita ved VID. Det er noko vi er svært glade for, då ho er ein aktiv medarbeidar både i SEP-prosjektet og i det nye UTFORSK-prosjektet i-SEP som vi har fått tildelt fram til 2026.