VID-studentar og lærarar på BIP om ettervern i Finland

- Av: Ingri Hanne Brænne Bennwik
- Publisert: 11. juni 2026. Oppdatert: 10. juni 2026.
Forkortinga BIP står for Blended Intensive Program og er del av Erasmus+. Programmet kombinerer digital undervising med kortvarig fysisk mobilitet. Dette har vist seg å vere særleg godt eigna innan masterutdanningane i sosialt arbeid og barnevern, fordi det legg til rette for utveksling av studentar som er i jobb, eller som av andre grunnar har vanskar med å ta eit lengre opphald i utlandet.
Levedyktig utanfor VID
BIPen om ettervern starta som eit samarbeid mellom Universitetet i Turku, Universitetet i Helsinki, Universitetet i Göteborg, Queens University i Belfast og VID. Nytt av året var at vi også fekk med partnerar frå Universitetet i Ljubljana og Universitetet i Tallin. Totalt deltok 20 studentar på kurset, og lærarar frå alle universiteta var representerte. BIPen i ettervern blei første gong gjennomført ved VID i 2025, og det er ekstra gledeleg for oss initiativtakarar at den no viser seg levedyktig også utanfor vår eiga institusjonelle ramme.
Feltbesøk til arbeidsplassar
Undervisinga i denne BIPen rettar merksemd mot gruppa av unge som er i ettervern i barnevernet, og dei institusjonelle rammene rundt ettervernet. Emnet gir ei innføring i empirisk forsking på tenestetilbod og utfall, politiske- og juridiske rammeverk, samt overordna teoretiske perspektiv som er relevante for å forstå unge i overgangen til vaksenlivet som har hatt tiltak i barnevernet. Studentane får også innføring i komparative perspektiv på velferdstenester, og arbeider i tverrnasjonale grupper med å analysere problemstillingar knytte til ettervern frå eit internasjonalt perspektiv. Ein av dagane vart det arrangert feltbesøk til ulike arbeidsplassar i Turku som driv oppfølging av unge med barnevernserfaring.
Rom for sosiale møtepunkt
BIPen er ikkje berre fag, den gir også rom for sosiale møtepunkt og er eit høve til å etablere internasjonale faglege nettverk. Dette gjeld både studentar og lærarar, og det er rett å seie at stemninga var svært god, både under dei organiserte sosiale samlingane, og i meir eller mindre spontane smågrupper. Lærargruppa består av undervisarar som sjølve forskar på ettervern, og der fleirtalet er engasjerte i det internasjonale forskingsnettverket INTRAC, som er et nettverk om forsking på overgangar frå barnevernet si omsorg til vaksenlivet. Dette inneber at mange i lærargruppa kjenner kvarandre frå forskings- og publiseringssamarbeid. Samstundes ga BIPen eit høve til å vidareutvikle gruppa som eit undervisningsfellesskap – noko som blei sett stor pris på.
Der er allereie planar om å sende stafettpinnen vidare neste år. Denne gongen blir det Universitetet i Gøteborg som inviterer, og vi håpar fleire studentar vil kjenne seg inspirerte til å søke når invitasjonen kjem. Dette er ei flott moglegheit til å sette ein ekstra spiss på masterstudiet.